tirsdag 18. september 2012

Kor blei tida av ?

Sommaren 2007.

Her er Fredrik ni år og Tobias seks år.
Så mykje har skjedd på desse åra. 
Eg kjenner meg rik som er mammaen til desse gutane.
Ikkje alle dagar er lette, men det er alltid lett å være glad i dei.

.

Nokre gonger ønsker eg å bære dei fram i livet, skyve vekk all motstand og løfte dei over alle hinder.
Det er dei dagane når dei er lei seg og ikkje har det så bra.
Men eg veit at desse dagane lærer dei mykje.

.

Eg håper livet byr dei på utfordringar som dei mestrer, tar lærdom av og 
som gir mot til å prøve nye ting og til å tørre forandring dersom det trengs.

.

Det skal iallefall alltid være trygt og godt å komme heim.



1 kommentar: