Viser innlegg med etiketten abstrakt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten abstrakt. Vis alle innlegg

torsdag 17. november 2011

søndag 6. november 2011

Uklart

 Desse bildene er heilt heilt ute av fokus.
Og det er favorittbildene mine frå dei siste vekene.
Trur det er fordi dei er på kanten av komfortsona mi og likevel fungerer.

Fokus er noko eg vil leike meir med.

onsdag 2. november 2011

lørdag 1. oktober 2011

mandag 26. september 2011

onsdag 22. juni 2011

tirsdag 21. juni 2011

stille


 Avogtil er det deilig at det er heilt stille. 
Den einaste lyden er pusten. Ein får kjenne på korleis ein har det. Heilt på skikkelig.
Fordi ingenting uroar.

Hysj, vær stille. Litt oftare.

søndag 19. juni 2011

Abstrakt




Eg har alltid likt det abstrakte.
Ei verd der eg kan skape mi eiga sanning i det som skjer.


lørdag 18. juni 2011

Eit par


Nokon som veit kva desse to inn her er for noko ? Eg aner iallefall ikkje.

Fekk meg nokre timar i skogen med kamera og hund i dag.
Deler mer seinare.
Fin lørdag!

onsdag 15. juni 2011

Nesten svart/kvitt - men ikkje heilt



Nei, dette går ikkje.
Kan ikkje servere så lite fargar midt på sommaren.

Ut å fotografere.

Og så denne då, herlig sant. Fant den her.


onsdag 8. juni 2011

Tilfeldig soseinnlegg

Dette med blogging og kreativitet, det har eg tenkt litt på i dag. Har holdt på snart eit år og har lagt ut mange av bildene eg har tatt siste året. (I dag legg eg ut tilfeldige bilder frå dei siste 5 åra).
For meg var det eit stort steg å ta, det å tørre å legge ut bildene mine.


Eg har innsett at det å ta bilder er noko av det kjekkaste eg veit. Eg liker å tenke komposisjon, eg liker snøggskot. Eg liker å legg meg på magen og fange dei små tingene, eg liker å rette kameraet mot skyene og sjå fine formasjonar. Eg blir flinkare og flinkare til å "sjå". Spesielt lys.
Herlighet kor mykje "eg" det blei no. Men det handlar om meg så...


Kva vil eg vidare med fotograferinga mi? Eg har tenkt på fleire prosjekt. Ei fotobok av dei eldre i nærmiljøet er nok det eg har tenkt mest på. Eg bur på "landet" og bygda vår er i rivande utvikling og snart er grensa mellom bygda vår og byen viska ut. Det er ikkje så mange eldre igjen, men eg trur dei har spennande historier å fortelje og eg veit dei har spennande ansikt å fotografere.


Så langt tør eg tenke, men så kjem dårlig sjølvtillit og "fuck you" og stoppar meg frå å gå lenger. Det er frustrerande. Eg er ei pyse, det har eg erkjent for lenge sidan. Har ikkje fortalt venninnene mine at eg bloggar ein gong. Heilt sjukt. Eg er typen som velger den tryggaste vegen, men som alltid drøymer om å gjere noko meir spennande.


Å være kreativ er min terapi. Måle, teikne, ta bilder, prøve ei ny oppskrift, skrive ein tekst osv. osv. Eg elsker det. Eg elsker å gå min eigen veg, så lenge ingen andre blir involvert, så lenge det berre er eg som skal synest noko om det. Så er kluet då, skal eg blir sittande på eit kontor resten av livet og drøyme om det som kunne blitt eller skal eg tørre meg frampå med noko av mitt. Og det er det dritvanskelig å ta stilling til. Klarer eg å leve med å ikkje å prøvd ?


Ja, eg gjer nok det. Ei stund til i allefall. For eg tør rett og slett ikkje. Eg trur ikkje eg er flink nok. Skulle ønske eg hadde fotoutdanning. Og kanskje søker eg meg inn på ein fotoskule når ungane har flytta ut. Eg blir sikkert eldst i klassen, men det skal eg klare å leve med. :)


Og til dåkke som har lest all sosinga mi i dag. Tusen takk.


mandag 30. mai 2011

Bilderas


kjem snart. Må berre på laste hundrevis av bilder inn på pc-en MAC'en først.
Utrulig kor mykje som er verdt å forevige frå ei Oslo-helg.

mandag 16. mai 2011

Snart søttende


Håper alle får ei strålande søttende mai feiring!

tirsdag 3. mai 2011

Geometri






Geometri - den delen av matematikken eg forstår minst av. 
Årsaken til at eg fekk G på matteeksamen på ungdomsskulen i staden for M. Så når Fredrik har spørsmål som har med geometri å gjere i lekse, blir han raskt sendt vidare til faren. 

Heldigvis er det mennesker som behersker geometri til det fulle, og takka være dei kan vi glede oss over fantastiske byggverk. 
Og derfor er eg litt glad i geometri likevel. Men ikkje sei det til nokon.

mandag 2. mai 2011

Helgatur





Detaljar og ei utsikt frå ei fin helg.

fredag 29. april 2011

Berre ditta.



Då er det helg, vi skal på tur og kameraet er med. :)

God helg til alle som er innom.

tirsdag 26. april 2011

fredag 15. april 2011

onsdag 6. april 2011

Today feels like this

(Juksepolaroid tatt med Iphonen min)

tirsdag 29. mars 2011