søndag 4. mars 2012
lørdag 3. mars 2012
onsdag 29. februar 2012
Min beste venn
3. Berätta om din bästa vän.
Min beste venn (og kjæreste) er Frode.
Han er den einaste som veit alt om meg. Om mine innerste drømmer og om mine svartaste dagar.
Han har ein tålmodighet eg beundrer og er så veldig til stede. Han forstår og gir meg rom.
Vi ler mykje og er veldig tullete i lag.
Han setter meg på plass når det trengst. (som er oftare enn eg vil innrømme)
Vi har vore gjennom mykje som kunne knekt oss,
men vi har blitt sterke.
Vi er veldig enige om kva som viktig i livet.
Eg er uendelig takknemlig for å ha han i livet mitt. Og eg burde skrive mykje meir om bestevennen min, men redd det blir litt sippete og klissete.
Men han veit og det er det viktigaste.
tirsdag 28. februar 2012
Lukta av salt.
Når vi har vore på ferie og er på vei vestover igjen så kjenner eg lukta av salt før eg ser sjøen. Elsker sjøen.
fredag 24. februar 2012
Fredagsekspedisjon #1
Kva skal ein finne på når ein har vinterferie og været er elendig. Jo, då er det tid for ein ekspedisjon.
I sekken låg kjeks, saft og kaffi og målet var å finne nye vegar i skogen. Og det gjorde vi. Bratt og strabasiøst men mest friskt og herlig.
Storekamera(ten) fekk ligge igjen heime og eg tok med eit lite kompakt eit som fekk ligge i lomma på regnjakka mi. Kryss i taket, det overlevde. For det blei så vått og og eg måtte jo sjølvsagt knipse noko heile tida. Bildekvaliteten er ikkje all verda, men minnene betyr alt i verda. Så det så.
Abonner på:
Innlegg (Atom)



















