Dette med blogging og kreativitet, det har eg tenkt litt på i dag. Har holdt på snart eit år og har lagt ut mange av bildene eg har tatt siste året. (I dag legg eg ut tilfeldige bilder frå dei siste 5 åra).
For meg var det eit stort steg å ta, det å tørre å legge ut bildene mine.
Eg har innsett at det å ta bilder er noko av det kjekkaste eg veit. Eg liker å tenke komposisjon, eg liker snøggskot. Eg liker å legg meg på magen og fange dei små tingene, eg liker å rette kameraet mot skyene og sjå fine formasjonar. Eg blir flinkare og flinkare til å "sjå". Spesielt lys.
Herlighet kor mykje "eg" det blei no. Men det handlar om meg så...
Kva vil eg vidare med fotograferinga mi? Eg har tenkt på fleire prosjekt. Ei fotobok av dei eldre i nærmiljøet er nok det eg har tenkt mest på. Eg bur på "landet" og bygda vår er i rivande utvikling og snart er grensa mellom bygda vår og byen viska ut. Det er ikkje så mange eldre igjen, men eg trur dei har spennande historier å fortelje og eg veit dei har spennande ansikt å fotografere.
Så langt tør eg tenke, men så kjem dårlig sjølvtillit og "fuck you" og stoppar meg frå å gå lenger. Det er frustrerande. Eg er ei pyse, det har eg erkjent for lenge sidan. Har ikkje fortalt venninnene mine at eg bloggar ein gong. Heilt sjukt. Eg er typen som velger den tryggaste vegen, men som alltid drøymer om å gjere noko meir spennande.
Å være kreativ er min terapi. Måle, teikne, ta bilder, prøve ei ny oppskrift, skrive ein tekst osv. osv. Eg elsker det. Eg elsker å gå min eigen veg, så lenge ingen andre blir involvert, så lenge det berre er eg som skal synest noko om det. Så er kluet då, skal eg blir sittande på eit kontor resten av livet og drøyme om det som kunne blitt eller skal eg tørre meg frampå med noko av mitt. Og det er det dritvanskelig å ta stilling til. Klarer eg å leve med å ikkje å prøvd ?
Ja, eg gjer nok det. Ei stund til i allefall. For eg tør rett og slett ikkje. Eg trur ikkje eg er flink nok. Skulle ønske eg hadde fotoutdanning. Og kanskje søker eg meg inn på ein fotoskule når ungane har flytta ut. Eg blir sikkert eldst i klassen, men det skal eg klare å leve med. :)
Og til dåkke som har lest all sosinga mi i dag. Tusen takk.
Kanskje du skulle starte med å vise bloggen til venner og bekjente?? Den er jo så koselig og fin, bra bilder - og flink til å skrive er du også. Så blir du kanskje tøffere etterhvert! :)
SvarSlettFine bilder du viser frem her også! Siden jeg er glad i blomster, synes jeg jo de to blomsterbildene er ekstra nydelige!
Snyggt! Jag gillar dina bilder!
SvarSlettHa en trevlig kväll! :-)
Følg drømmen din! Bruk kreativiteten din! Hvorfor sette begrensninger for deg selv og din egen utvikling? Hva er det du frykter skal skje?
SvarSlettKjente meg veldig igjen i dei tankane her, altså. Og eg har faktisk hatt omtrent same ideen som deg om det med å lage ei bok om dei eldre (heime i bygda mi då). Vi burde nesten slått oss saman ;)
SvarSlettVis bloggen til veninnene dine! Då vil du få masse "wow"s og den sjølvtillitsboosten du treng for å kunne tenke "damn, eg er jo the shit!". Og det er berre det du treng tenke, for talent har du jo i massevis.
Og du kjem ikkje til å bli den eldste i klassen :) På eitkvart universitetsstudium i alle fall er det alltid ein liten gjeng damer i 40-50 års alder, og endå fleire i tredveåra. Og dei er alltid dei mest motiverte, noko eg alltid misunner dei. Dei veit kva dei vil.