onsdag 2. februar 2011

Å Vestland, Vestland...

Regn, regn og meir regn. Går ut over både humør og fotografering.

Men litt filosofering blir det i allefall tid til. Eg blir alltid imponert når eg ser fotografar og kunstnarar som klarer å skape sitt heilt eige uttrykk - som ikkje berre kopierer andre. Men korleis får ein det til. Bilder er bilder liksom, eller er det så enkelt ? Niks. 
Og så blir ein usikker, for dette bildet ligner jo ikkje på andre sine fine bilder og er det bra nok då ? Teite tankar. For korleis skal ein bli trygg på sitt eige uttrykk, hvis ein heile tida samanlignar seg med andre.

Nettet er fullt av flotte, originale bloggar og bloggar som kopierer desse. Og det er vel mi største frykt, at nokon skulle sjå min blogg å tenke, "Åja, ser kven ho prøver å herme etter". Eg vil at min blogg skal være meg på godt og vondt. Eg har uendelig mykje å lære og eg skal prøve å la bloggen bli ein plass der eg finn mitt uttrykk. Så får det berre stå sin prøve. Eg er meg og du er deg og vi er unike. 

Og du, har du lest heilt hit. Takk. :)

1 kommentar:

  1. Eg synest din blogg er heilt unik, og eg er no innom eit par ;)

    SvarSlett