tirsdag 29. mars 2011

Bullet me


Ei tønne full av brukte patroner, kva gjer eg med dei ?
Jo, klisjear over alle klisjear - eg skriv LOVE med dei. Og det funkar liksom.
Kanskje mest fordi E-en er skriven med småkvistar og blir ein fin kontrast til kulene.

Bildet var litt kjedelig i utgangspunktet, så eg har redigert det litt på vintage-/køntrivis.
Og då vart det straks så mykje meir liv i det. 
Så blir eg sittande å kike på det, som eg så ofte gjer med noko eg er fornøgd med.
Kan eg ha gjort det der ? Kan liksom ikkje tru på at eg flink nok til noko slikt.
Just luck by chance maybe.

Også løøøv då, eg er velsigna med verdens beste kjæreste. Vi er på 17. året i lag og vi får det berre bedre og bedre. Og kvar dag er eg takknemlig for at eg får dele livet mitt i lag med den finaste eg veit om.
Samtidig går andre med si tyngste hjartesorg nokonsinne og leitar etter svar på kvifor. Kontrastar.

1 kommentar:

  1. Åh, sukk <3 dobbeltsukk og trippelsukk. Ganger ti.

    Eg fekk oppå meg (slik føltes det i alle fall) verdas mest forelska par på kafé i dag. Fekk lyst til å skyte dei. Neida. Joda.

    SvarSlett