onsdag 16. mars 2011

På kottet




Etter at eg har lagt meg om kvelden blir eg fryktelig kreativ og kjem på gode og viktige ting som eg vil skrive om på bloggen. Men så kjem morningen, så var det ikkje lurt likevel. Rart.

I dag deler eg nokre glimt frå kottet mitt. Det er det einaste rommet som fortsatt har dei samme gardinene som når vi flytta inn. Veit ikkje kor tid besta hengte dei opp, men dei har sikkert hengt der i 30 år. Og dei skal få henge ei stund til. Berre fordi dei er besta sine og fordi ho var verdens beste besta.

Desse bildene er ikkje teknisk gode, men dei er følelsesmessig gode for meg. Eg øver meg på å ikkje slette bilder så fort og heller vente til eg har fått dei på maskina og så kjenner eg på bildene. Mange blir fort forkasta, men desse rørte hjertet mitt og fekk være med vidare. Fordi dei held historia levande. Om Anne Knutsdotter, heklekroken, dei nystekte svelene, dei ru hendene, det gode smilet, kjolane (kun bukse når ho skulle sykle til byen), juledekorasjonane vi laga, amerikakulene på juletreet, klokka som slo kvar time. Og sånne kunne eg har fortsatt.

For meg er dette dei beste bildene på lenge.

2 kommentarer:

  1. Eg har ikkje peiling på teknisk godheit (flott formulert), men eg veit at ved synet av bilete nummer to forsvann eg inn i lukta av mormora mi sitt mørkeloft, og alt som ho og huset hennar er. Eg kjende faktisk lukta, den litt innestengte men for meg beste i verda, fordi den er lukta av fire generasjonar med minner. Magi.

    Tusen takk for at du har evna til å lokke fram slikt i folk med bileta dine. Det er - etter mi meining - det største med alle former for kunst.

    SvarSlett
  2. Kjenner meg igjen i dette med kveldskreativitet... Elles var det koseleg å sjå desse bileta og høyre historia bak bileta. Fekk meg til å tenke på mine bestemødre, på huset til mormora mi spesielt. Eg har gode minne derifrå. Bak nokre gardiner, som eit slags kott, skjulte det seg mange skattar. For det meste gamle klede som vi elska å kle oss ut med, systra mi og eg.

    Med gardinbileta dine har du fått i alle fall to menneske til å tenkje gode tankar. Då må vel bileta vere bra?!

    SvarSlett