onsdag 13. april 2011

In between




I mangel av noko nytt av mitt eige å by på, så har eg vore på "streetart"-skattejakt. 
Herlig å sjå kreativitet som blomstrar slik.

Alle bildene er fra WeHeartIt og er linka

Våren er komt her vest og. Og deilig er det. 
Det betyr at eg må ut i bestemorhagen og jobbe litt. 
Har eit litt sånn hat/elsk-forhold til hagearbeid. Kunne godt tenke meg ein frodig hage som bugner av grønnsaker, frukt og bær. Hadde det ikkje vore så mykje arbeid med det.

I dag har eg fri og eg får ta med meg hagesaksa og begynne med å klippe vekk det gamle, så får vi sjå kva nytt som kjem fram etterkvart. 

Egentlig skulle dette være eit innlegg om korleis eg føler meg dradd mellom hagearbeid og fotografering.   Så kom eg på at eg kan jo ta med meg kamera og kombinere dei to. Tjollahopp.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar