fredag 20. mai 2011

Innanfor


Avogtil tenker eg på å skrive. Sånn innsiktsfullt og fint. Men så kjem ikkje orda. Det blir berre vas. Eg kjem ikkje innanfor. Det blir berre ein masse ord som ligger og subbar og ikkje finner grep. Får ikkje system på dei. Dei ligger å skvalpar i botnen på ein lekk båt. Dei glepp ut av fingrande som såpestykket i dusjen. Men kom hit då, eg vil jo bruke dei fine orda. Sette dei saman som eit kunstverk som ingen kan gløyme. Som ei kjensle inderlig og vond og varm og trøystande. Helst alt på ein gong. Slik som fine forfattarar klarer. Sånn at lesaren legg frå seg boka, lukkar auga og smiler. Fordi det var akkurat det ein trengte då. Sånn vil eg skrive.

Må berre komme innanfor først.

1 kommentar:

  1. You just did it!

    "Dei ligger å skvalpar i botnen på ein lekk båt"

    SvarSlett