tirsdag 12. juli 2011

3652

Så mange dager er det sidan hjartet mitt vart knust i tusenvis av bitar. Eg trudde eg skulle slutte å puste fordi sorga gjorde så jævlig vondt. Og fortsatt gjør det vondt.
Eg har prøvd å fortrenge at det er ti år siden. Sikker på at eg var sterkare no. Men kroppen ga beskjed, det vart tyngre å puste, vanskelig å slappe av, tårene tett på. Eg vart skikkelig deprimert rett og slett.

Søndag låste eg meg inn i barndomsheimen for å være litt aleine der. Gjekk rundt og surra og leita, men fann ikkje det eg ville finne. 
Ro. 
Svar. 

Han ringte meg ein gong for eit par år sida. - Det går bra, sa han. Eg vakna. Glad for å ha høyrt stemma hans, trist fordi det var ein draum. 

Eg trur ikke det finst ein råare følelse enn sorg. Den grov, uforutsigbar, skarp, buldrande, knipande, hard - men samtidig mjuk og så forbanna vond. 

Å miste nokon som er så nær i hjertet, er som å miste ein del av seg sjølv. Det er ein sann klisjé.

Og så har eg så utrulig lite medfølelse for folk som klagar over bagateller. Eg spyr av det. Ein har ikkje møtt mykje motstand i livet dersom det er verdt å bruke energi på å klage over småting. Kanskje eg er blitt kynisk. 

Det var berre det. 
No fortsetter sommaren.

God sommar alle i hop!
(Eg er glad igjen no altså, måtte berre skrive av meg litt frustrasjon.)


3 kommentarer:

  1. Eg har ikkje ord, Hege.
    Tusen takk for at du skreiv dette <3

    SvarSlett
  2. Nydelig skrevet om vond sorg. God sommer til deg!

    SvarSlett
  3. Denne teksten kom til meg igjen i dag før eg hadde vakna skikkeleg. DÅ er det bra..!
    Fortsatt god sommar til deg <3
    Og du, fortset for guds skuld å ta bilete og skrive.

    SvarSlett