fredag 30. september 2011

Flink pike syndrom


Tid for litt hjernebabbel kjenner eg. Godt kamuflert mellom bilder frå eit fantastisk hagesenter i Huddersfield, England. Plantasjen og Hageland kan gå å legge seg. Her snakker vi kafé med heimelagde kaker, vegetarmiddag og alskens deilig kaffi og te. Vi snakkar fleire hundre kvadrat med interiør, bøker, jul, dyreutstyr og tusenvis av kvadrat med plantar, busker og trær. Veldig fint.

Men altså flink pike syndrom. Kva er det egentlig ?


Eg trur nemlig eg lir av det, kanskje litt mindre no enn før - men likevel.
For ein vil jo være flink ikkje sant ?
Flink som mor, dotter, kjæreste, venn, kollega, barnebarn, kokk, økonom, fotograf pluss pluss.

Å fy flate kor krevande det er å skulle være flink heile tida. Og er ein ikkje flink nok så kjem samvittighet og frykt og skuffelse. Flink pike syndromet medfører at ein blir trist og lei seg og føler seg mislykka og lite dugande til noko som helst. Skjer det ofte nok så begynner ein å tru så innmari på det og.

Så går ein der då og prøver å være flink samtidig som ein veit at ein ikkje duger.


Korleis kjem ein seg ut av denne onde sirkelen då ?
Eg trur at ein må begynne med å akseptere at det er slik det er. Være det bevisst. Kanskje kjenne etter kor tid syndromet er sterkast. 
Hos meg kjem det best fram når eg venter gjester, herlighet kor flink eg blir då. Rydder og vasker og baker.
For eg vil jo framstå som om at eg er flink og har huset i orden og har overskudd og alt det der.
Så kjem gjestane, eg smiler og ønsker dei velkommen. Og er glad for at eg har fått tatt eit skippertak. Inni meg er eg nok litt sliten, men mest letta over å rukke å sjaue over huset.

(eg elsker å få besøk altså, skulle berre ønske at eg var litt mindre redd for at andre skal sjå rotet mitt)


Eg trur det er på tide å døype om uttrykket "Flink pike" til "Redd pike".
For min egen del i allefall. Det er nok redd pike syndromet eg lir av. Og det har eg sikkert arva frå mor mi, som i si tid arva det frå mor si og så vidare.

Eg vil rive dette syndromet ut av sjela mi. Trakke på det og sei "no more".
Det har gjort nok skade no. Det er på tide å gi litt faen og leve slik ein har lyst til.
Lett blir det ikkje, men no er eg meir bevisst på det enn nokonsinne.

Eg er på vei.
(skal berre rydde litt først)




1 kommentar:

  1. Redd pike-syndromet; kunne ikkje sagt det beire sjølv!

    SvarSlett