tirsdag 4. oktober 2011

Smilande benk




Smilande benk


Mannen som bur nedi lia
må tydeligvis ha merkt seg
at "møbler av plast
har eg elles lite til overs for".

Der to kvite plaststolar stod i fjor
står i år ein solid trebenk.
Ny å sjå til. I alle fall nymåla.
Glinsande grøn.


Kan ein benk smile ?
Denne benken kan.

Da mannen ommøblerte
her på bakketoppen
må han ha smilt i skjegget.
Og smilen blanda seg med grønmålinga
så no står benken og smiler med heile seg.


Og eg som går og set meg der
smiler tilbake med heile meg.



                                     - Halldis Moren Vesaas

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar