fredag 25. november 2011

Reisebrev






Å reise er noko av det beste eg veit.

Liker å sitte på flyplasser og sjå på folk. Og lure litt på kor dei skal.
Det er så mange spennande historier som utspelar seg på flyplassar.

Dei to gamle damene som klemmer hjertelig når dei finn kvarandre med ankomsthallen. Brevvenner i 50 år, begge måtte bli enker før dei endelig fekk treffe kvarandre.

Ho som aldri vil gi slipp på han i uniform. I lommen ligg brevet han har gitt henne som ho skal spare spare spare. Men som ho river opp så fort han er ute av syne.

Ungar opp ned på baggasjetralla medan foreldra ventar på kofferten. Mor og far snakkar ikkje i lag. 14 dagar på Gran Canaria blei i lengste laget.

Han i Armani-dress som snakkar høgt i telefonen, samtidig som han betaler for kaffien på 7Eleven. Fordi det såg han sjefen gjorde det sist dei var på reise i lag, og det såg litt tøft ut.

Ho som les i ei bok og aldri ser opp. Fordi ho hatar å bli sett.

Flyvertinnene med dei høgaste hælane og dei breiaste smilene. Slitne på innsida, men profesjonelle heilt ut i  dei raudlakkerte neglene.

Gjengen i baren som drikk hardt. Ytterst sit han som alltid er litt utanfor. Han synes det er greit. 

Dama i passkontrollen som smilte til han høge mørke før deg, men som ikkje gidder å sjå opp når du går gjennom.

I taxfree-butikken spring nokon for livet. For dei skal jaggu ha kvoten sin sjølv om flyet går om mindre enn eit kvarter. Framme i køa spør dei høflig men svett om å få komme foran deg.

Og midt blandt dei går eg og sullar og nyt kvart eit sekund. Fordi eg har god tid og er nysgjerrig.








2 kommentarer: