tirsdag 20. desember 2011

Hjelp, det er jul.





Kvart år før jul så drøymer eg at eg har gløymt at det er jul og at eg våkner på julafta uten at noko som helst er gjort. Panikken brer seg og eg blir heilt fortvila.

Så våkner eg og er superletta over at det berre var tankespinn alt i hop.


I år blir jula vår litt annleis enn vanlig.
Flokken er splitta og på julafta blir det berre kjernefamilien pluss ei sviger og ein svigers.
Eller mi mor og Frode sin far om du vil.

Vi inviterer min familie til julegraut lillejulafta.
Ein tradisjon vi starta med fordi det blei altfor mykje eting på julafta.

Og tredjedag "tamtaram" blir min flotte sambuar 29 (+11) år.
Det blir ei rolig feiring med den næraste familien, så trør vi heller til med ein skikkelig fest på nyåret.


1 kommentar:

  1. Så koseleg! God jul til deg :) (og snart grattis med dagen til "tjueniåringen")

    SvarSlett