fredag 30. desember 2011

Mama has got a new baby




Først kom kortet som han hadde gjømt i eit av julehjertene på juletreet.
Eg las og måtte svelge om og om igjen, for eg ville ikkje grine på julafta.
Han skreiv det finaste.

Så kom gåva.
Eg ante virkelig ikkje kva det var.
Men fornemmelsen kom då eg såg eska.
Det kunne vel ikkje være ?
Eg åpna lokket på eska
og mista fullstendig pusten.

Eg kunne ikkje tru det, eg kunne ikkje ta i mot.
Så altfor altfor mykje.
Eg distanserte meg frå draumen i eska og tenkte at denne må eg sende tilbake.

Eg brukte tre dager på å akseptere.
Eg forhandla.
Eg gret. 
Eg var faktisk skikkelig drittsekk med han eg elsker.
For eg har ikkje gener for å ta i mot. 

Han ga meg draumen og det var så sterkt at mitt følelsesregister ikkje ante kva det skulle gjere.

Og no baby, no skal eg og du bli bestevenner og bildene i dag er dei første eg tar tatt med det nye objektivet eg fekk frå den aller finaste til jul.

2 kommentarer:

  1. Holy mascara... Eg trur eg døyr litt (mykje). Både av gåva, og kjærleiken, og bileta og heile pakka.

    SvarSlett
  2. Nydelige bilder, nydelig gave, kjærligheten er nydelig. Og du må ha fortjent det!

    SvarSlett