fredag 24. februar 2012

Fredagsekspedisjon #1

Kva skal ein finne på når ein har vinterferie og været er elendig. Jo, då er det tid for ein ekspedisjon.
I sekken låg kjeks, saft og kaffi og målet var å finne nye vegar i skogen. Og det gjorde vi. Bratt og strabasiøst men mest friskt og herlig.

Storekamera(ten) fekk ligge igjen heime og eg tok med eit lite kompakt eit som fekk ligge i lomma på regnjakka mi. Kryss i taket, det overlevde. For det blei så vått og og eg måtte jo sjølvsagt knipse noko heile tida. Bildekvaliteten er ikkje all verda, men minnene betyr alt i verda. Så det så.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar