søndag 12. februar 2012

Meg, mine og mitt

1. Berätta om dig själv. 


Bilder og ord, hips om haps.






Skrive om seg sjølv er ikkje lett merker eg. But here goes nothing. Alle bildene er diverse sjølvportrett tatt med mobilen. Dei er passe grumsete og uklare. 


Eg er 35 år, sambuar med finaste kjæresten og mamma til dei flottaste gutane. Bur på Vestlandet. Har hus, hund og stasjonsvogn. Ganske A4 på overflata, men heldigvis ikkje på innsida. 






Allerede når eg begynte på ungdomsskulen visste eg kva eg skulle bli. Revisor. Så etter ungdomsskulen, tok eg Handel og kontor på vidaregåande og vidare til Økonomi og administrasjon ved Høgskulen i Molde etterpå. 


No veit eg at eg ikkje visste. Eg trudde eg visste. Eg trengte å vite. Og som den bestemte jenta eg var så trudde alle andre at eg visste rett. Etter eit år i Molde orka eg ikkje meir. Vi pakka i hop og flytta heim igjen. Og her har vi blitt. 






Eg har jobba litt her og der. Men mest som lærarvikar og som kontormedarbeider. It pays the bills.




Eg er nok ei kreativ sjel. Har alltid lyst å skape noko. Men altfor ofte gjer eg ikkje noko ut av ideane mine. Dei blir liksom sittande fast i hovudet mitt.






















Innimellom er eg ganske så melankolsk. Vil helst få være i fred med tankane mine. I need my space.  
Turane med Yasso i skogen er rein terapi i så måte.












Eg er ikkje særlig sporty. Men er glad i å være ute (når det ikkje regner).

























Eg veit fortsatt ikkje kva eg skal bli når eg blir stor. Men å kunne leve av å fotografere hadde vore draumen. 
Kor oppnåelig det er, veit eg ikkje. 

















Det beste eg veit er å oppleve fine ting i lag med kjæresten min og
















og gutane mine.
















Skummelt å dele så mykje. Det var denne sårbarheten då. Men no er det gjort og det er nesten så det er greit. :)

3 kommentarer:

  1. bilder og ord hips som haps vart eit fint innlegg :)

    SvarSlett
  2. Åh! Så fint å få blir meir kjend med DEG! Og sjå deg til og med :) Flotte Hege!!!

    SvarSlett
  3. Åh, Hege dette var flott! Jeg skjønner at det er litt skremmende, men det var utrolig rørende. av og til er det vanskeligst å sette ord på det som er nærmest oss, nemlig oss selv. jeg lo av at du var sååå bestemt til å bli revisor:) og jeg kjenner meg selv igjen i mye av det du skriver. og jeg synes det var velidig greit å lese om deg!! (håper det ikke var for skummelt)

    SvarSlett