lørdag 4. februar 2012

Nattbabbel

Eg elsker å fotografere. Leike med vinklar, med lys og former.

Ein perfekt dag er å gå ein lang tur med kamerasekken på ryggen, komme heim med eit minnekort fylt med ein haug bilder. Etterpå å kose meg med bildene på mac'en. Enkel redigering og cropping i photoshop av dei bildene eg liker best. Og så publiserer eg nokre av dei på bloggen min. (Nokre havner til og med på facebook - whoohoo). Bloggen fungerer litt som endestasjonen for bildene mine.




Bloggen blir på ein måte minneboka for mi fotografering. Avogtil blar eg i gamle innlegg og synes det er kjekt å sjå på utviklinga, samtidig synes eg at bildene mine blir litt for ensformige, litt for kjedelige. Det mangler litt farge og energi. (Det reflekterer nok litt av korleis eg kjenner meg og).



Så no har eg lyst å forandre litt. Eg har fått meg tumblr-blogg, som fungerer som "kvardagsalbum" foreløpig. Men mulig eg avslutter denne og stuper inn i tumblr for fullt. Eller så starter eg litt på scratch her, river ned og bygger opp igjen. Tenker at eg skal få printa bloggen i bokform før eg starter ei evt. renovering, ei bloggminnebok til bokhylla mi. Foreløpig er ingenting er bestemt og alle muligheter åpne.

Bildene i dette innlegget er av det finaste fotoutstyret vårt. Stjelt frekt og freidig frå Fotovideo og sjølvsagt lenka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar