onsdag 7. mars 2012

Hjartebabbel - Iphone edition


Today: Iphone-bilder frå siste vekene og hjartebabbel.


For nokre år siden tok eg ein "coach-utdannelse". 
Der fekk eg lære eg mykje om korleis eg kan hjelpe menneske med å hoppe over hinder og ikkje bli spist opp av eigne tanker.

Og eg trur eg er ganske god på det.

Men mine egne hinder kjem eg ikkje over.
Dei består berre av tankar og luft og har ingen substans.


Eg veit at mykje handler om å tåle å være sårbar. 
Tåle å bli vurdert. 
Tåle motstand.

Tørre medgang.

Sjølv om livet har bydd på ulike utfordringer, 
så har desse nesten utelukkande komt av årsaker eg ikkje har kunne styrt.
Og då må eg berre takle det som kjem.

For min egen del har eg altfor ofte valgt minste motstands veg.
Gjømt vekk.
Lukka inne.
Så enkelt, så vanskelig.

Og no får eg ikkje lokket skikkelig på igjen.
Det skjer nok det som skal skje.


Eg har gravd djupt for å finne årsaken til at eg er som eg er. 
Og eg har funne svar. 
Og eg forstår.
Og eg aksepterer det.

Men eg kan ikkje akseptere at eg skal la mine tanker være mitt fengsel.
Korleis finner eg nøkkelen til å bryte fri når eg ikkje trur at eg er god nok ?

Where do I find my wings ?

(no får eg veldig lyst å slette alt sammen fordi dette er så sårt og nært)


Men eg lar det stå.
For eg er nok ikkje den einaste som kjenner det slik.

Kanskje vi mennesker er litt som sånne glow sticks.
At vi må knekke først, før vi blir sjølvlysande.
Og kan lyse opp vår eigen veg.

Kjenner meg ganske bøyd, så kanskje det er like før
eg blir ein
glow stick.

Smilefjes.



1 kommentar:

  1. Så nydeleg, várt og sant - og MODIG! Du er allerede på veg. Du er allereie ein glow stick, du tør allereie meir enn du trur.

    (PS: eg veit ikkje om du les lokalavisa, men der var det i alle fall ei sak om blogging der eg vart intervjua. Eit av spørsmåla eg fekk, var korleis eg skulle karakterisere bloggen min. Det syntes eg var litt vanskeleg, og tydde difor mellom anna til ting ANDRE har sagt. Då var det første som dukka opp i minnet den skildringa som eg har vorte mest glad for, og det var då du kalla den for "hjartemedisin". Ikkje hadde eg sett føre meg at det skulle bli overskrift og greier! Håpar det var greitt for deg... :)

    SvarSlett