Krydrar det med litt bilder frå Osloturen i fjor vår. Litt hips om haps kven som er fotograf.
Eg trur eg går å venter på eit sånt øyeblikk då alle brikkene berre fell på plass. Då eg berre veit og er trygg på at vegen vidare er den rette. Eg har vel håpt at det skulle skje heilt av seg sjølv. Uten anstrengelse frå mi side.
Dette som bur i oss (meg). Og som vi (eg) ikkje kan velge vekk. Som liksom berre verker i hjertet og gjer oss (meg) oppgitt fordi vi (eg) ikkje klarer å viske det vekk. Hadde vore så mykje lettare om det aldri hadde komt til overflata.
Eg har virkelig prøvd å ta hardt tak i det og holde det under så lenge at det slutta å gjelde. Joda, neida. Fungerer ikkje. Blir berre sliten av det. Så då må eg visst lære meg å leve med det. Men uten at eg får gjort noko med det. Uten at eg tør å gjere noko med det. Tør å blogge då, til ukjente. Og nokre av dei nærmaste. Pluss ein.
Skam på den som gir seg eller hur ?
(No kjenner eg at dette innlegget var heilt passe diffust og gjennomsiktig, litt slørete. The end.)
Det var fint*!
SvarSlett