fredag 6. april 2012

Flinke folk






Eg tenker avogtil på blogger som gode blader. Berre gleder meg til neste innlegg. Dei bloggane eg oftast er innom ser du under her under Flinke folk. Eg likar blogger som har ein miks av inspirerande bilder og god tekst. Har nok ingen superfavoritt. Har valgt ut seks blogger til dette innlegget som eg trur seier litt om min "bloggsmak".


6. Berätta om bloggarna du läser.


Underbara Clara. Tøffaste bloggdama eg veit om. Ho tar deilige "husmorbilder" krydra med ord og meiningar som er viktige og ekte. Dette innlegget viser fingeren til janteloven. Heia Clara!


Tara Whitney. Min favorittblogg. Tara sin filosofi er "Perfectly Imperfect" og med den som utgangspunkt deler ho bilder og ord som treff meg rett i hjartet. 


Sanna Lund. Ikkje ein heilt vanlig blogg, men ein eg setter veldig pris på likevel. Kvar tirsdag legg ho ut ei ny fotosjåppoppskrift. Har lært mykje om redigering fordi denne bloggen finst. 


Charlotte Carlsen. Ein av dei første bloggane eg begynte å lese for nokre år sidan. Ho er ein fantastisk fotograf. 


Street Art Utopia. We declare the world our canvas. Det seier i grunn nok.


Shutter Sisters. Utdrag frå filosofien bak denne bloggen; We embrace the belief that we are all creative equals, eager to share with one another our work; our art. Massevis av inspirasjon å finne her. Hadde vore supert å kunne få til noko lignande i Norge.


Vanskelig å velge ut berre seks. Eg er innom mange fleire enn desse. Det er så mange flinke og kreative folk som blogger. Sjå under Flinke folk nederst på bloggen min, alle er verdt å besøke.


I dag går denne sangen på repeat, kanskje passande på langfredag.


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar