lørdag 28. april 2012

Å tegne med lys

Ordet fotografering kjem frå gresk og betyr "å tegne med lys". På Shutter Sister sin fine blogg las eg dette innlegget i går - shine forth. Der skriv Kelsey Schwartz om lys og fotografering. Om at fotografering handler å bruke, sjå og dele lys. Det er så fint når det noko andre har skrive gir sånn gjenklang i ein sjølv.

Eg ønsker veldig sterkt at mine bilder skal være ekte og nære. Difor pratar eg mykje med dei eg fotograferer, stiller spørsmål og prøver å bli kjent. Då trur eg kameraet blir litt mindre skummelt og. Og dei eg fotograferer slapper litt meir av og eg opplever at eg ser kven dei virkelig er. At eg ser litt av lyset dei har i seg. (Oooh, det blei neste litt vel mykje - but you get it, right ?)

Det har vore ei utfordring å hoppe i det, å vise verda at eg elsker å fotografere. Eg har kjent meg veldig sårbar. Samtidig har eg følt meg veldig heime i det. Det kjennes veldig rett. Følelsen av å komme heim med full minnebrikke og overføre dei til dataen og bla gjennom eit og eit og gleda over å sjå at mange bilder har blitt gode. Fantastisk. 

Og det at mennesker har gitt meg tillit nok til å la meg få lov til å ta bilder av dei. Wow. Mindblowing.
For inni mitt hode så er ikkje eg så veldig flink til noko som helst. Det kjentes nesten ut som nokon tok litt kontroll over meg når eg turte å legge ut ei annonse om at eg ville gi vekk fire fotograferinger. Eg liksom berre måtte gjere det. Eg angrer ikkje og eg håper å få lov til å fotografere mange mange fleire.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar