tirsdag 29. mai 2012

Scener frå bestemorhagen


1. Bestemorhagen (som er vår hage) i all si prakt. Og endå finare med alle mine fem beste gutar på plass.

2. Verdens beste tanteunge i badestamp. Han bada seg god og skrukkete. Etterpå gjekk han rundt med ein hettehandduk og såg ut som ein mini-Humlesnurr. Ja, det er nesten for ei dødssynd å rekne at eg ikkje tok bilder av det. Men eg gløymer det aldri.

3. Pedagoglillebroren hadde mykje på hjartet når det gjaldt søskenkjærlighet. Og gutane min er no utlært i nestekjærlighet og omtanke og kjem aldri til å krangle igjen.

4. Vaffelsteiking i hagen = lykke.

5. Ka kan slå nystekte vaflar liksom ?


Scener som ikkje vart fotografert.

Spyling av glade ungar på trampolina.
Fotballtrikseopplæring.
Steinfylling og litervis med svette.
Dungevis av klesvask som det var ei fryd å henge ut.
Deilig grillmat.

1. pinsedag var ein perfekt sommardag.







1 kommentar: