lørdag 2. juni 2012

Nær


 Du veit dei der som pratar og pratar og pratar og du slepp nesten ikkje til med eit ord.
Er du så heldig at du kan få sagt eit ord eller to, så høyrer dei ikkje etter - dei er allerede klar til å fortsette der dei slapp.  Eller dei avbryter deg før du har fått snakka ferdig.
Trur nesten ikkje det finst noko meir irriterande eller utmattande enn sånne folk. 

Gir du beskjed om at du har lyst å prate ferdig, så blir dei jo så såra stakkars. For det var jo ikkje SÅNN meint.

Eg trur at desse "masekråkene" er livredde for å sleppe nokon inn på seg. Så dei berre pratar og prater for å sleppe å få nokon for nær. Sleppe spørsmål. Sleppe at det blir rom for ettertanke og stillhet.

Neste gong eg kjem i ein slik situasjon så skal eg prøve å la være å bli irritert, eg skal ikkje kjempe for å få sagt noko, eg skal berre være stille. Holde på min eigen energi og ikkje la meg tappe.
Kanskje noko endrar seg då....

...










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar