mandag 13. august 2012

Minner frå ferien


I ferier skjer det mykje og ein klarer ikkje huske alt, men her nokre få minner frå ferien vår i sommar.

Første rasten like etter Lærdal. Rasteplassen ligg like ved avkjørsla til den historiske vegen opp til Borgund. Kokte egg, ferskt brød, kaldt vatn frå elva, "luksusjuice", kaffi frå termos på voksduk.
Vi finar oss på ferie må vite.

Frukosten på hotellet i Larvik som byr på alt ein kan ønske seg. Og det vart litt meir spesielt enn sist fordi ein eldre mann sette seg ved bordet vårt. Han sa ikkje eit ord og drakk kaffi. Kopp etter kopp etter kopp. Han satt der fortsatt når vi gjekk og han satt der fortsatt når vi sjekka ut. Spiste ingenting og drakk kaffi. Merkelig skrue.

Dei kjekke ungane som gutane var kjent med i Stavern. Det gjekk i fotballspeling og høg latter. 
Dei kosa seg virkelig og vi og.

Dagen på Oddanesand. Finaste stranda. Vi var av dei første som kom og av dei siste som gjekk heim.
Det var soling, bading, grilling, kubb, sand mellom tærne, is og deilig bakverk frå Nevlunghavn.

Gutane som ga alt i Høyt og Lavt-parken. Fantastisk klatrepark som virkelig byr på utfordringer.

Dyreparken i Kristiansand. Denne gongen uten Sabeltann-kjøret.
Vi såg løve, tiger, Julius (for ein hissigpropp), elg, ulv, skuggen av ei gaupe, ryggen på ei ugle og masse andre dyr. Kjekt.

Då eg gjekk heim frå bakeren bort i gata i Kristiansand. Eg var kunde nummer tre den morgonen og brødet var så varmt at det svei littegrann på armen når eg bar det heim. 
Blå himmel, passe lun morgonbris.
Tilbake i leiligheten venta nytrekt kaffi, kokte egg og finaste frukostbordet.

(Vi er feriefrukostfantastar - jepp, sikker på at det er eit ord som kan brukast.)

Kinoen i Haugesund. Filmopplevelsen var fantastisk. 
Kvalitet på bilde og lyd som eg aldri har opplevd maken til. 

Fiskesuppe og kuleis i Nevlunghavn, burger på McDonalds, pizza på Peppes, deilig kaker på ulike konditori, obligatorisk svele på alle ferjer, stekt fjellørret på det som må være Norges finaste veikro.
Mange matopplevelser, nokre meir imponerande enn andre.
Kanskje den mektigaste var grovskjeva med fårepølse på rullesteinsstranda på Mølen med bruset av havet som slo oppover land.

Pluss.
Pluss.
Pluss.
Punktum.



1 kommentar:

  1. En vakker sommervegg du har ruslet forbi. Og ferie er godt, med god mat og drikke, koselig selsap og kanskje noen spennende steder å reise til. En trenger det!

    Glemte forresten å si sist: bildet av iguanen er alldeles praktfullt!

    SvarSlett