onsdag 19. september 2012

Skulen



Kva er det viktig å lære i skulen ?

Eg har ingen fasit.
Men eg trur god skulegang startar med det sosiale. 
At ein kjenner seg inkludert, sett og forstått.
Når det er på plass åpnar det seg ei verd av muligheter. 
Berre undervisninga blir tilrettelagt godt nok.

Hadde den norske skulen åpna for meir individualitet og mindre likskap,
så trur eg kanskje eg hadde vurdert lærerskulen.
Men eg opplever at i skulen skal alle støypast i samme forma,
alle skal gå ut frå kvar trinn og ha lært likt.
Kva for fag ein er svak og sterk i betyr lite.

Borna blir ikkje vurdert ut i frå kva dei kan og kva for evner og talent dei har.
Dei blir vurdert ut i frå resultat og måloppnåing.

Eg las ein gong at alle lærarar har favorittar blandt elevane sine.
Det kan eg forstå.
Og eg påstår at ein god lærar, er ein som aldri viser kven som er favoritten.
Ein som klarer å være rettferdig og behandle alle med respekt.

Eg har jobba ein del som lærervikar og assistent.
Mitt mål nummer en var alltid at kvar enkelt elev skulle føle seg sett i løpet av skuledagen.
Faktisk så gjennomførte eg det så bokstavelig at eg aldri starta ein skuletime før eg hadde hatt augekontakt med kvar enkelt elev.
Eg opplevde at eg på den måten fekk ein intuitiv statusrapport.
Eit blikk seier så mykje.

Eg er veldig opptatt av og engasjert i skulen og kunne sikkert babla i veg i det uendelige.
Men kutta til kjernen,
så skulle eg ønske at det å gå på skule handla om å finne fram det beste og det ekte i kvar enkelt elev.
At alle kan få være det beste dei er.



1 kommentar: