lørdag 29. september 2012

Slapp av


Eg har litt lyst å slå eit slag for å slappe av. 
Uten å ha dårlig samvittighet.
Det er faktisk lov. Det er faktisk sunt. 
Det er faktisk veldig deilig å berre slappe av.

Det er vanskelig å slappe av når tankane heile tida flyr avgårde.
Må huske, må hente, må kjøpe, må lage, må ordne....

Eg ser at i bloggverda så sniker jula seg inn.
Nokre er ferdige med å handle inne julekalendergåver til ungeflokken på 5.
Nokre har planlagt baksten. Nokre har lagt ut ønskelister.
Skulle ønske eg ikkje lot meg påvirke. Men eg gjer det.
I veska mi ligg ei lita bok med navnet på alle eg skal kjøpe julegåver til.
(Egentlig for å unngå stresset rett før jul, for å være i forkant og handle litt og litt framover).
Dette vart litt avsporing, men det understreker likevel det eg vil fram til.

Så korleis klarer ein å slappe av ?
Må ein ligge i senga med augene lukka ?
Må heile huset være rydda og støvsuga først ?

Eg slapper best av når eg får bruke min energi på det som blir meg glede og inspirasjon.
På ein benk framfor eit fantastisk kunstverk i eit museum, når eg ser ein god film, når eg hekler, 
når eg fotograferer, når eg les ei god bok, når eg høyrer Radioresepsjonen på P3, 
når eg slumrer i senga om morgonen.

Eg ser eit mønster i at eg må være litt egoist for å slappe skikkelig av.
Eg må gjere ting aleine. Eg må ha litt rom for meg sjølv.
 Og eg trur ikkje eg er aleine om å ha det slik.

.

I vårt land blir born institusjonalisert frå dei er eit år.
Stress blant born har auka drastisk.
Vi beveger oss vekk frå det naturlige og inn i det alltid planlagte.
Vi skal være med på alt alltid.

Eg (vi) vil ikkje være med på dette hurtigtoget som samfunnet skaper.
Eg vil slappe av og vite at det er i orden.
Det er ikkje lett og eg er ofte forvirra rundt kva som rett og ikkje.
Så eg skal bli endå flinkare til å slappe av og kjenne etter.


For med hjarte som kompass og intuisjonen som veileder vil eg finne vegen, 
om enn ulendt og kronglete.
Og langs vegen skal eg slappe av. 
Blir du med ?


2 kommentarer:

  1. JA!
    Alvorlig innlegg du har her. Selv har jeg levd noen år, og føler jeg er ferdig med stressinga. Å slappe av er blitt en del av hverdagen. Blir stresset av folk som stresser, og føler jeg med god samvittighet kan distansere meg litt fra det. Tror ikke noen har godt av stress jeg, selvom det forskes på det "gode" og "dårlige" stresset. Er så mange nye oppfinnelser i ord for å dekke samfunnets utvikling. Å jobbe hardt og godt er kanskje det tidlige "gode" stresset? Tenker at det kan da ikke være noe mål å være sysselsatt og i aktivitet absolutt hele døgnet og hele uken. Av og til må livet gi rom for ettertanke og/eller plain kjedsomhet! :)

    SvarSlett