mandag 22. oktober 2012

Tillit


Kvar einaste dag programmerer vi oss sjølv. 


Vi lar oss drive med i dei samme tankemønstra om og om igjen.


Vi håper på å blir redda frå oss sjølv.


Men nøkkelen til di forløysing, ligg i hjartet ditt.
Ja, du må være modig.


Du må trø ut av komfortsona di.
Du må våge å bli sett - åpen og ærlig. Og vite at sjølv om du gyngar, så ramlar du ikkje.
Du hoppar uten anna sikkerhetsnett enn ditt eige hjarte.

Bevisstheten om oss sjølv skyv oss nærare og nærare stupet.
Det er ikkje godt nok å ligge på magen og sjå på det som kan bli.
Vi må sette oss på kanten og ha tillit.
Lukke augene og tru på at vi kan.

Husk at det er greit med små steg.
For ei tid sida tok eg eit lite steg som resulterte i dette.
Eg er glad for at eg turde.

Veldig anspent nærmer eg meg kanten igjen,
eg skal øve meg i tillit - så hopper eg igjen!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar