mandag 12. november 2012

Ikkje kva, men kvifor

Kva skal du bli ? Kva for utdanning skal du ta ? Dette er spørsmål vi må ta stilling til som unge.

Frå eg var 12 år var svarene mine; eg skal bli revisor og eg skal utdanne meg ved Høgskulen i Molde. Som den sta og urokkelig jenta eg var, så reiste eg som 19 åring (etter å ha tatt Handel og kontor på vidaregåande sjølvsagt) til jazzbyen og starta på økonomi og adminstrasjon. Etter eit års studier så kjente eg på så mykje motstand mot å fortsette at eg ga opp/bestemte meg for å lytte. Og vi flytta heim igjen.



Så korleis kunne eg allerede som tolvåring vite så sterkt kva eg ville ? Vi er ein liten familie. Søskenbarnet mitt (eldste av besta sine tre barnebarn, eg er nr. to og bror min nr. tre) som er ti år eldre enn meg valde nettopp revisorutdanning i Molde. Dette var stor stas, han var førstemann i familien til å velge høgare utdanning og eg valde nok ubevisst samme veg som han for å oppnå den samme oppmerksomheten.

Kan det hende at eg hadde valgt annleis dersom nokon hadde spurt meg om kvifor eg ville bli revisor ?
Ja, det trur eg. Hvis rådgivaren på ungdomsskulen, eller læraren på vidaregåande eller mor mi hadde spurt om kvifor og virkelig fått meg til å tenke over det så hadde eg kanskje fått eit anna perspektiv. Ei bedre innsikt.



Dersom nokon ikkje berre hadde spurt meg om kva for fag eg likte best på skulen, men kvifor eg likte desse fagene best, så hadde eg kanskje sett mønsteret. For best likte eg organisasjonslære. Og organisasjonspsykologi. Det var eg faktisk veldig flink i. Både på vidaregåande og på høgskulen.



Eg leste på ei nettavis om ein politiker som ønska utdanning i karriererådgjeving for å redusere bortfallet frå vidaregåande. Det er eg veldig for. Og eg er for rådgjevarar som ikkje er redd for å komme litt tett på og stille spørsmål som åpner for refleksjon og ettertanke. Ein god rådgjevar held opp speilet framfor deg og lar deg kjenne på kva du virkelig vil og kvifor du vil det.



Min rådgjevar på ungdomsskulen spurte meg om kva eg skulle bli. Eg svara revisor og eg vart anbefalt å søke meg inn på grunnkurs Handel og kontor. Det gjorde eg. Foreldrene mine var sjølvsagt stolte av meg for at eg ville ta høgare utdanning og støtta meg heile vegen. Uten å stille spørsmål.

Eg har ofte tenkt på korleis livet mitt hadde blitt om eg hadde valgt ei anna utdanning. Men kjem alltid fram til at eg kan ikkje endre på det som har vore. Det er det som har vore som har gjort meg til den eg er. Og det som har vore kan eg bruke til å gjere ting annleis framover og ikkje minst til å hjelpe mine gutar til å velge veg ut i frå hjartet.

(Alle bildene er linka til sida der eg fann dei. )


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar