torsdag 1. november 2012

Kva er greia liksom ?


 Eg får plutselig ein god idé, noko eg får lyst å skrive om. 
Ikkje mest av alt fordi andre skal lese det, men fordi eg har lyst å fordjupe meg i tankar om det.
Og kva skjer når eg setter meg ned for å gjere det ?


Fullstendig tørke. Ein hjerne som ikkje vil by på noko som helst.
Så desse orda her blir til ved å berre vase avgårde 
og skrive ned det første og beste som kjem til overflata.


Kva er greia liksom ?
Kor blir det av alt dette som eg tenkte ?
Kanskje eg har ein sånt svart hol i hjernen som sluker gode idear.
Eller ein lite hjernemark som forsyner seg av tenkte ord. 


Er det noko ein kan gjere for at ideane ikkje berre skal fly avgårde ?
Burde kanskje ankre dei fast i ei av mine fine notatbøker.
Så kan eg ta dei fram når eg kjenner meg inspirert.


"The pen is the tounge of the mind."
                                                      - Miguel de Cervantes


1 kommentar:

  1. Fantastisk vakre dråpebilder! Særlig det første - alldeles nydelig!
    ...og du får nå sagt mye du, selvom du mener du ikke sier noe! :)

    SvarSlett