lørdag 17. november 2012

Leik



Korleis definerer vi det å leike ?
Er det å bli fullstendig oppslukt av noko som du og din fantasi flyt avgårde i ?
Der det ikkje finst regler eller grenser. Berre uendelige muligheter.
Vi kan være dei vi vil, vi kan ha alt vi ønsker oss, vi kan reise dit vi vil.

Kor tid slutter vi å leike ?
(Eg beundrer dei som kan beholde barnligheten sin heile livet og leike, 
men eg veit ikkje om det er så mange som klarer det.)

Kvifor seier vi vaksne til borna våre at dei er blitt for store til å leike med lego og med dukker ?
Vi gjer det iallefall ikkje for å hjelpe borna våre,
eg trur vi gjer det for "beskytte" oss sjølv og for å bevare "normaliteten".
Vi må no for guds skyld ikkje skille oss ut.

For meg har fotografering og redigering vore ein veg tilbake til leiken.
Til det umiddelbare og bekymringslause.
Eg gjer som eg vil uten å ta hensyn til andre.
Eg elsker det.
Min leik. Mitt rom. 

Eg fotograferer ikkje fordi eg vil at andre skal synest at eg tar fine bilder.
Eg gjer det fordi eg nyter kvart sekund av det.
Den følelsen når eg ser ned på skjermen på kamera og berre veit at det blei bra.
Barnlig glede. Jubelfølelse i magen.
Det er nesten som julafta kvar gong eg laster over bilder frå kamera til maskina.
Full av spenning blar eg rolig gjennom eit og eit bilde. 
Kanskje er det berre eit av 20 som virkelig treff meg, men det er nok.
Og eg blir så glad. Og takknemlig.
Avogtil har eg berre lyst til å redigere noko gammalt, sånn som bildet over.
Eg hiv meg ut i det og leiker meg fram til resultatet. 
Nokre gonger blir det fullstending overkill, 
andre gonger løfter redigeringa bildet til å blir mykje heilare.
Til å bli eit uttrykk eg kjenner meg meir heime i. Til noko eg blir glad i.

Eg har ein lang veg å gå for å anerkjenne og akseptere meg sjølv og mitt arbeid full ut.
Eg anerkjenner leiken i det eg gjer og då har eg iallefall åpna opp.

Eg har leika meg med å skrive dette innlegget også.
Det er litt usamanhengande, litt hit og dit og overalt.
Det kjenner eg motstand på, er liksom ikkje heilt godt nok då.
Ikkje gjennomarbeidd.

But who cares,
eg likar best det eg skriv impulsivt.
Rett i frå hjarte.
Heilt ekte.

1 kommentar: