mandag 26. november 2012

Lys


I sommar sette eg film i pappa sitt gamle speilreflekskamera 
og knipsa ein rull med 36 bilder på eit par dager.

Alt vel.

Det var då eg skulle ta ut filmen det skar seg.
For filmen hadde kilt seg fast på eit vis og eg måtte åpne kameraet for å få den ut.
Eg var kjempelur. La eit teppe over meg og kamera så det skulle bli mørkt.
Pakka filmen inn i aluminiumsfolie og leverte den hos fotografen i byen.

Filmen kom igjen framkalt med påskrift om at den var lysskadd.
Teppet var visst ikkje så mørkt som eg trudde.

Eg liker no bildene likevel eg.
Dei har sin eigen sjarm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar