tirsdag 18. desember 2012

Besta


Med ny scanner og eit album som er fullt av barndomsminner - 
då må eg jo berre la meg rive med.

Bildet er av meg og Besta.
Ho er mitt viktigaste forbilde.

Ho var alt ei bestemor skal være.
Trygg og god.
Raus og snill.
Varm og gjestmild.

Eg har kun gode minner om ho.

Besta stekte dei beste svelene,
hekla dei finaste sengeteppa,
stelte den flottaste hagen,
strikka dei beste tjukkelubbane,
kokte den beste ripsbærgeleen og
hadde den herligaste latteren.

Som ung drømte ho om å reise til Oslo og gå på kunsthåndverkskule,
det skjedde ikkje. Men ho elska handarbeid.
Strikke, brodere, hekle.
Det siste ho laga var eit nydelig hekla vognteppe til min eldstemann.

Eg kunne og burde skrive så mykje meir.
Det kjem så mange minner til overflata.
Ho fortjener nok fleire innlegg.
Besta.

1 kommentar:

  1. Nydeleg skrive om nydeleg beste <3
    Eg har nett klemt på gjensyn til mi, som feira jula saman med oss.

    SvarSlett