torsdag 13. desember 2012

Karius


I går spelte minstemann Karius i ein musikal som skulen hans 
har sett opp for å hedre Torbjørn Egner.
Han og ein klassekamerat (som spelte Baktus) var limet i forestillinga. 
Dei var på scena i fleire omganger, i tillegg til at musikalen starta med 
ein film av dei på ein flåte langt til havs.

Musikalen var fantastisk på alle vis. 
Flott musikk, fin korsong, imponerande solo-opptredenar og mange flinke unger.
Dei vaksne såg vi lite til, men dei har lagt ned ein formidabel innsats 
for å skru i hop ein så gjennomført musikal som dette var.

Bildet er av Tobias første gong han kom fram på scena. 
Han levde seg sånn inn i rollen og vi lo høgt mange gonger av spelet hans.
Han var ikkje redd for å ta den heilt ut og det var mange godord å høyre frå andre etterpå.
Eg er superstolt av guten min.

Alle involverte i dette store prosjektet fortjener heder og ære.
Det ligg mange timer med øving og jobbing bak.
Kjekt at skulen velger å gi elevane slike opplevelser, det veks dei enormt på.

1 kommentar: