mandag 17. desember 2012

Pappaen min


Jula er mi favoritthøgtid.
Tente lys, lukta av pinnekjøtt, forventningsfulle unger, hemmeligheter.

Samtidig er jula den tida i året eg kjenner mest på at nokon mangler.
Pappa var veldig glad i jula. Han kjøpte dei finaste gåvene til mamma.
Pakka inn på mest kreative vis. Gull og rosiner, gull og gråstein - mykje gull.

Han var enormt raus og første julafta han og mamma var i lag så kjøpte han gåver til alle i svigerfamilien, sjølv om han ikkje hadde møtt dei. 
Han troppa opp arbeidsplassen til Besta med posar stappfulle av gåver.
Må jo berre elske sånt.

Siste jula han levde fekk eg ei gåve frå han.
Eg trur faktisk det er einaste gongen eg fekk eigen gåve frå han. 
Det var ei svart toalettveske i skinnimitasjon.
Aldri noko eg hadde valgt sjølv, 
men likevel er det den finaste julegåva eg nokonsinne har fått.
Frå finaste pappaen min.

Bildet over er frå mi første jul.
Eg er fire månader og han er 32 år.
No er eg 36 og han er her ikkje meir.
Men så er han her likevel.
I jula nærare enn ellers.



5 kommentarer: