onsdag 2. januar 2013

365 blanke sider


Eg blir alltid litt vemodig når jula er over og vi går inn i eit nytt år.
Eg er veldig dårlig på å gi slipp. Samtidig synes eg det er deilig å åpne eit nytt år.
365 blanke sider.


Den første sida har eg fyllt med tur med kjæresten, ferdigstilling av fotobok, god middag med mine beste, tømming av kakebokser og film. Ein herlig og rolig dag.


364 sider igjen. 
Eg gleder meg. 
Eg ønsker å fylle kvar side med eit avsnitt kreativitet, 
eit med nærhet og eit med fysisk aktivitet.
Alt anna er bonus.


Eg håper at eg dette året kan bli tøffare og flinkare med fotografering, 
at eg skal tørre å gjere det meir og kanskje på nye måtar.
At eg skal klare å trø ut av komfortsona mi og 
ta bilder som kryp endå lenger inn og berører sterkare.


Eg ønsker å ordne i stand ein fantastisk konfirmasjon for Fredrik 
som både han og gjestane vil huske med eit smil.
Han har valgt å konfirmere seg borgarleg noko som gjer meg veldig stolt fordi han virkelig har tenkt over kva og kvifor. 
Han har tatt valget heilt aleine ut i frå eigen refleksjonar. Han er sterk.


Ellers håper eg at nokre av sidene dette året blir fyllt med gode familieopplevelser, fine turar (både fjell og by lokkar), 
fleire måltid laga frå grunnen, kjekke samlinger med gode venner og familie, 
kreative prosjekt, gripande bøker og filmar (helst fleire på kino), 
kunstutstillinger, god musikk (i kveld går denne på repeat), meir raudvin og fine bruktfunn.

2 kommentarer:

  1. jeg håper alle de gode ønskene dine blir oppfylt. for du er flink og du fortjener det!

    SvarSlett
  2. Eg vert også litt vemodig i starten av eit nytt år, men la oss håpe på eit godt nytt år.
    Og at vi vert flinkare i det vi har sett oss som mål.

    SvarSlett