søndag 13. januar 2013

Finaste søndagsturen


I dag har vi vore på den finaste søndagsturen på lenge.
Med sol frå skyfri himmel, ikkje eit vindpust, alle friske og raske og godsaker i sekken.

Minstemann ga klar beskjed om at han var lei av å gå "runden".
Ja, vi har gått den mange gonger og klart det er meir spennande med ein ny tur.
Så vi sette kursen mot speiderhytta, som to av oss ikkje har besøkt før.
Etter ein snartur innom for å sjå på forfallet og gamle møblar og plakatar, 
sette vi kursen vidare oppover.

Vi var på ukjente stiar og visste ikkje kor vi skulle.
Og vi digga det.
Kjem fleire bilder seinare.

(bildene over er tatt med lommekamera(ten), kjekt å ha lett tilgjengelig i lommen på tur)








2 kommentarer:

  1. I dag var det fint. Fine bilder!

    SvarSlett
  2. Så fint! Og gode minner for dei å tenke tilbake på :-)
    Har vore veldig fint i her i Bergen òg i dag.

    PS: ELSKAR den nye headeren!

    SvarSlett