fredag 15. februar 2013

fotosjåppleik no. 15


Dette bildet vart til ved å legge bilder lag på lag.
Så ein del "nip and tuck" i fargar og kontrast for å finne fram til mitt uttrykk.
Eg prøvde bevisst å ikkje begrense meg sjølv og berre la det bli det dét ville bli.

Når eg ser på det no så kjennes det i overkant av kva eg finner komfortabelt. 
For voldsomt, for bearbeidd. 
Ikkje nakent nok, samtidig for åpent.

Eg lar det ligge her på bloggen. 
Snart forsvinner det nedover og er ikkje så truande lenger. Blir eitt i mengden.
Det skal få være som det er, eit uttrykk for leik.
Eit uttrykk for frihet og det å gje slepp - sjølv om det ikkje alltid kjennes greit.


Deler også nokre fine linjer frå Shawnacy Kiker sitt dikt Dear Everyone.


And we listen deep
until we can hum the tune.

And I'll hum you mine,
and will listen
breathless
to yours.
And they will float along the swells
and hollows of the night
- our songs -
leaving a trail
as of moon 
on the water.

A trail we will learn to walk.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar