torsdag 28. mars 2013

Ein rik familie


Vi er ein svært rik familien.
Vi er så rike på kjærlighet at vi nesten sprekker.
Det er fullt på konto kvar dag.
Vi gjer store uttak i klemmer, gode ord og omtanke.
Likevel har vi i overflod, det blir aldri tomt.

Nokre gonger er vi slitne, frustrerte og lei.
Det kjennes litt som om at vi har gløymt koden til kontoen.
For den er fortsatt full, berre litt meir utilgjengelig.
Då gjelder det å roe seg ned, kjenne etter i hjartet.
Og vi er klar for nye uttak. 

Ein konto med uendelig kjærlighet unner eg alle å oppleve.








1 kommentar: