søndag 7. april 2013

Første felling


Tobias syntes det var stor stas å få felle sitt første tre (nesten) heilt på eiga hand.
Med skikkelig verneutstyr og pappa som læremeister gjekk det kjempefint.

Vi har stor tru på at ungane skal få prøve seg på ulike praktiske oppgåver
og at dei på den måten vil være sjølvhjepte når dei flytter ut.
Eg for min del kunne ikkje vaske golv ein gong når eg flytta for å studere.
Bra eg hadde med meg ein godt oppdratt kjæreste som har lært meg både golvvask og å skifte sengekle.

Vi gir gutane våre plikter. Dei må hjelpe til heime.
Det er ikkje alltid dei har så lyst, men eg trur dei blir sterkare av å måtte likevel.
Motstand gjer sterk.
Samtidig har vi fokus på motivasjon ved hjelp av masse ros og ukelønn.
Dei fortjener å få vite at vi setter pris på innsatsen dei gjer og at vi er takknemlige.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar