onsdag 10. april 2013

Heartfelt


Eg har øyeblikk der eg er så på plass i meg sjølv energimessig 
at det kjennes ut som eg held på å ta fyr. 
Det er i desse øyeblikkene at eg ser alt så klart. 
Alt dette som eg har i meg og som så gjerne vil til overflata. 


Så kjem tvilen.
Det eg såg klart, blir uklart. 
Det eg trudde på, blir usant.


Eg er faktisk litt lei av å kjenne på dette rommet i meg 
som ein sjelden gong lar meg ta ein kikk heilt inn.
Nokre gonger ønsker eg å låse det av, kaste nøkkelen 
og klare å gløyme at det nokon gong har eksistert.

La dette livet no være heile sanninga.


Kunst, film, bøker, dikt, musikk og mennesker.
Kreativitiet, humor og åpne hjarte.
Skogen, sjøen og sola.
Gode samtaler.
Ro.

Det som åpner opp.


No er dette blitt heilt på grensa av kva som kjennes greit å dele.
Mi iherdige sjølvprogrammering vil ha meg til å tenke at dette er dumt, 
flåsete og skikkelig idiotisk å legge ut på bloggen.

Men denne gongen er eg faktisk meir redd for å la være.
Det har krevd mykje å komme heilt hit.


"A man is a success
if he gets up in the morning
and goes to bed at night,
and in between does what he wants to do."

                                                                                   - Bob Dylan





2 kommentarer:

  1. "Så kjem tvilen. Det eg såg klart, blir uklart. Det eg trudde på, blir usant." Så fint skrevet. Kjenner meg fryktelig igjen.

    SvarSlett
  2. Hege, du er berre best. Du inspirerar på så mange måtar, sjølv når du tvilar (kanskje spesielt fordi).

    SvarSlett