torsdag 4. april 2013

Kranføraren


Det er ei bok eg har lyst til å lese. 

Den handlar om Fyke-Simon.
Den unge mannen frå Eimhjellen som reiste med Amerika-båten 
til New York med to tomme hender og ein draum. 
Han fann gull i Vancouver og reiste heim til Norge som storkar.
Kallenavnet Fyke-Simon fekk han fordi han var den første som landa med sjøfly på Hyefjorden.
Flyet leigde han i Bergen etter heimkomst.

Etter nokre år reise Simon tilbake til Amerika,
sannsynligvis for å hente meir av rikdomen sin.
Men returnerte nok ein gong til Norge og denne gongen vart han værande.

Han starta eigen virksomhet, kjøpte seg lastebiler og jobba for vegvesenet.
Men når krigen kom, tok tyskarane frå han bilane og han stod tomhendt igjen.

Simon røyste seg, stifta familie og bygde seg hus.
Og arbeidde i mange år som kranfører på verftet i heimbyen.

Det er så mange fleire nyansar i denne historia 
om motstandsmannen, alkoholikeren, familiemannen, eventyraren og arbeidshesten.
Så mykje meir å være nysgjerrig på.
Men dei svarene finn eg aldri.

For boka om min bestefar er ikkje skrive.
Kjem ikkje til å bli det heller, trur eg.














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar