fredag 10. mai 2013

Bestemorhuset


Her er huset vårt sett frå sjøen.
Det er ikkje stort og nytt.
Men det har tonnevis med sjarm og levd liv i veggane.
Vi har stor tomt, heilt i sjøen faktisk.
(Det vil sei, fram til lillebror får sett opp sitt hus).
Eigen skog, mange flotte usjenerte uteplasser.
Eit liv på landet, midt i smørauget.
Sol heile året.

Det krever ein med tanke på vedlikehold, stell og modernisering.
Men vi stresser ikkje, tar eit skritt i gangen.
Og når eg i tillegg har verdens flinkaste handymann, 
då er eg trygg på at alt ordner seg.

Dette er bestemorhuset.
Det var her eg som liten gøymte meg vekk på loftet 
blandt gamle ukeblader, kjoler og hattar
og åt opp besta sin kokesjokolade.
Det var her eg blei vekt til lukta av nystekte sveler.
Det var her eg hjalp besta med å pynte juletreet kvar lillejulaft.
Mange av mine beste barndomsminner kjem herfrå.

No bur vi her - 
barndomsheimen til ungane våre.
Det er litt rart og veldig fint.
Vi er glad i huset vårt,
og endå meir glad i dei som bur i det.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar