søndag 9. juni 2013

Love is about appreciation


"If you love a flower, don't pick it up.
Because if you pick it up it dies and it ceases to be what you love.
So if you love a flower, let it be.
Love is not about possession.
Love is about apprecitation."

                                                   - Osho

Dette sitatet traff meg på fleire plan.
Og no når eg les det om igjen finn eg så mange lag i det.
Eg reagerer fysisk på det, kjenner det i magen og i hjartet.
Osho sine ord er fyllt med ein klokskap og ei innsikt
som eg trur vi alle har i oss,
men som vi har "gløymt" litt i vår travle og materialistiske tid.

Bildet over tok eg når eg var ute på ein liten sykkeltur
tidligare i dag. (I går sånn reint teknisk).
Det er lett redigert, men det skarpe og uskarpe kjem frå at eg brukte
stor blendaråpning og at eg gjekk tett på.
Eg kjenner no at eg har god kontroll på korleis eg kan bruke kameraet,
på korleis eg kan bruke blendaråpning, lukkartid, ISO og kvitbalanse.
Eg har også tileigna meg ein god del kunnskap om photoshop
og korleis eg kan bruke verktøya det byr på til å 
få fram det uttrykket eg ønsker.

No saknar eg å finne mitt ekte uttrykk,
det som gjer at det går an å kjenne igjen mine bilder.
Eg blir nok aldri einsarta,
eg likar å fotografere så mangt - 
men eg kjenner eit behov for å trekke ei meir heilhetlig linje rundt fotograferinga mi.
Det hadde vore kjekt å starta med eit prosjekt,
eit med start og slutt.
For å kjenne på det å komme i mål.







1 kommentar:

  1. Eg trur eg og du har lik sitatsmak, for dette traff meg òg så veldig.

    Og så føler eg at eg kunne ha plukka ut dine bilete blant ein haug andre.

    SvarSlett