lørdag 8. juni 2013

The world keeps turning


Nick Cave synger tekstlinja;
the world keeps turning
og eg nikker for meg sjølv 
og tenker at slik er det jo 
- at uansett kva vi står i her og no
så fortsetter verda å snurre.

Nokre dagar ønsker eg at 
tyngdekrafta gjeld for tankar også.
Og for idear og pågangsmot og vilje og tryggleik.
At dei fann ro i meg
og ikkje berre spinner avgårde igjen.

Eg les Patti Smith og
griner meg tom.
Eg beundrar den dama så sterkt,
ho har gitt historia si evig liv
i ei bok som berørar meg 
sterkare enn noko anna eg har lest.

Det rører seg noko i meg 
som eg så vidt kan sjå konturane av.
Noko eg håper å tørre å nærme meg.
For dette trur eg er sanninga mi.
Men det er så fjernt 
frå alt eg hittil har opplevd å være.

Enn så lenge lar eg verda snurre meg rundt
og rundt og rundt og rundt.

(Nattbabbel kan også være fint.)

1 kommentar:

  1. Det du skriver berører meg. Du skriver så vakkert.

    SvarSlett