torsdag 26. september 2013

Fordi du fortjener det




Dei som ramler innom her no og då, veit nok at eg er glad i dele sitater som berører meg.
Her kjem litt anna som eg har synes bør delast.

Eg begynner med det som kanskje har gjort sterkast inntrykk på meg siste månadane.
Nemlig filmen Bully.
Ein sterk og gripande dokumentar som ligg tilgjengelig på NRK sine heimesider fram til 6. oktober.

Via Nadja og Hjartesmil fann eg denne fantastisk bildesamlinga.
Herlige svart kvitt bilder.

Og via ein venn på facebook fann eg denne samlinga.
Sterke, rørande og hjarteutvidande bilder.

Eg les kvar dag no. Noko eg ikkje har gjort på lenge.
Faen ta skjebnen ligg på nattbordet. Den er lovande så langt.
Samtidig les eg novellesamlinga Oscar Wildes heis.
Herlige historier.
Ellers så avslutta eg nettopp Ildvitnet.
Typisk sånn "eg må berre lese ei side til"-bok.

Finaste June som har nedtegna den viktige og
pinlig treffande Nettjantelova.
Og treng smilemusklane dine trening, sjekk ut desse gullkorna.

Forrige veke var vi i Bergen og spiste herlig suppe her
og god middag her. Fine plasser, fine priser.

Kunstmuseene i Bergen - KODE gleder eg meg til å utforske vidare.
KODE 2 har ein flott museumsbutikk der eg kjøpte denne fine boka.

Ásgeir Trausti frå Island varmar sjela denne hausten.

Eg kjem sikkert på tusen andre ting eg kunne delt no etter at eg avslutter,
så kanskje blir det ikkje så lenge til neste lignande innlegg.




1 kommentar:

  1. Å, men Hege då! Sat og gleda meg over denne samlinga fantastiske ting, og så hadde du tatt MEG med! Tusen takk, du er så god <3

    SvarSlett