onsdag 2. oktober 2013

Det tar sju år i hundre å bli ny


(frå mobilen)


Korleis ville ein tilværelse uten ord opplevast ? Berre føler vi då ?
Er det slik nyfødde har det ? Og dyr ?
Trøtt, svolten, nysgjerrig, behag og ubehag.

Altså, det er ikkje sånn at det er veldig viktig for meg å få svar på desse spørsmåla.
Eg berre undrar litt på det. 

Og dette med kloden vi lever på. 
Den snurrar med ein fart på tusen kilometer i timen.
Då er det rimelig spesielt at vi ikkje merker noko særlig til det.
Sikkert nokre kjedelige fysiske lover som forklarer dette,
men det er ikkje så interessant.

Tenk sju år fram i tid.
Då er du ikkje deg sjølv lenger.
Alle cellene dine har fornya seg.
Så kvifor blir ikkje alle friske då, jo fordi desse nye cellene arver
egenskapane til dei som dør. 
Kor har evolusjonen vore der liksom ?
(Altså hjernecellene består, det er det viktig å huske. Tok du den ?
Jepp, dårlig humor er sikkert noko ein arver også.)

Sånn går no dagane.

1 kommentar: