søndag 13. oktober 2013

Magisk søndag




I dag har vore ein slik haustsøndag som ein nesten ikkje tør drøyme om ein gong.
Sol frå skyfri himmel, vindstille, varme og naturen kledd i sine finaste fargar.
Vi pakka sekkane våre med kaffi, kjeks og pannekakerøre
og loffa sakte avgårde med båten.

På Ålvora gjekk vi i land og med verdens beste stifinnarar 
kom vi oss til topps på den vesle øya. 
Der hadde vi utsikt i alle retningar og vi storkosa oss.

Rett og slett ein magisk søndag!

1 kommentar:

  1. Ja, denne helgen var helt nydelig. Vi avlyste alle planer i byen og dro ut på hytten, der dagene ble tilbragt duppende på sjøen i vår lille båt. Helt nydelig.

    SvarSlett