mandag 4. november 2013

Det henger ikkje i hop, men likevel...




Eg leiter etter andre sine ord
fordi eg ikkje finn nok meining i mine eigne.




Eg blir ufri når eg skriver. Legg band på meg sjølv.
Blir dritflau og sletter - om og om igjen.
Bildene kan eg gøyme meg bak. Orda bretter ut og åpnar opp.




Kvifor skrive i det heile tatt ?
Det er jo bildene som er mitt viktigaste uttrykk.




Så leiter eg i bildene mine
for å finne meg.
Det eg finner i dei er
betre enn det eg tenker om meg sjølv.




Eg ønsker meg styrke nok til å være trygg når eg lener meg mot mitt eige uttrykk.
No kjennes det ut som eg ramlar.




Eg er heldig som har funne min veg.
På den vil eg gå og gå og gå,
så får eg sjå kva som skjer undervegs.

Eg velger å tru at det blir magisk!









1 kommentar:

  1. Heng ikkje ihop? Du har ein streng indre kritikar, men det veit du sjølv.
    Skriv, fotografer og del. Please.

    SvarSlett