tirsdag 26. november 2013

While we live.



The tragedy of life
is not death,
but what we let die inside us
while we live.

                                                       - Norman Cousins




Eg synes sitatet over her er så sant og så viktig å være bevisst på.
Ofte leser eg om at fleire og fleire born ikkje er ute å leiker lenger.
Unge er meir og meir aktive på sosiale medier der mykje 
handlar om "likes" og bekreftelse. Og dei søv altfor lite 
fordi dei til ei kvar tid må være oppdatert.
Tilsette på fødeavdelinger er fortvila over at nybakte mødre er meir opptatt av
å halde seg oppdatert på facebook enn av å få til amminga.




Eg meiner ikkje med dette å kritisere. Eg vil heller oppfordre til å gruble litt over kva veg samfunnsutviklinga går. Innrømmer lett at eg sjekker facebook og Instagram fleire gonger kvar dag.
Og eg leser aviser og blogger. Og Pinterest. Ja, og ser eg på tv - så er jo reklamepausane er ypperlig mulighet til å sjekk siste nytt.

Nokre gonger er det deilig med eit avbrekk. Blir liksom "røykepausen" uten at eg trenger å løfte på ræva. Problemet er at eg ofte blir sittande for lenge. Berre ei avis til, berre ein blogg til.
Halvtimen blir til ein time blir til to timer.



Vil vi ha det slik ?
Endå viktigare, vil eg ha det slik ?
Og går det i det heile tatt an å snu denne utviklinga ?

(Det er no litt positivt av fleire og fleire går i fjellet,
sjølv om eg trur at den viktigaste motivasjonen nokre gonger
er å få posta eit bilde av det på facebook etterpå. Kjenner seg i allefall
levande på ein slik tur og nokre gode ideer kan dukke opp undervegs.)




Ja, så tilbake til starten - sitatet.
Eg trur det er viktig at vi oppmuntrar borna våre til å kjenne etter, puste djupt
og lære seg kor tid dei kjenner seg mest levande.
Gjere dei bevisst på det, hjelpe til å forsterke det.
Lære dei at livet er så uendelig mykje meir enn å sitte inne framfor ein skjerm.
Og husk,
veldig ofte gjer born som foreldrene gjer - ikkje som foreldrene seier.
Er vi gode nok rollemodeller ?
Ønsker vi at våre håpefulle skal bli som vi er ?














1 kommentar:

  1. Herlighet, så fantastisk fint skrive, Hege! Og så viktig. Det sitatet har betydd mykje for meg, men no merka eg det var lenge sidan eg hadde lese det og teke det innover meg.
    Takk! Og tusen takk for så god kommentar på bloggen i dag. Du skjønar, du. <3

    SvarSlett